Dokumentarfilm.

Ditta blir då mitt siste innlegg for enn so lenge. Kan hende eg held dåke oppdatert når eg føle for det, men utanom det so blir ditta det siste innlegget for no.

Mange har sikkert høyrt om dokumentarfilmen om Joseph Kony som svirrar rundt på nett, KONY 2012. Eg såg sjølv filmen igjennom ein blogg og tenkte "fy søren, ditta må vi gjere noko med". Innhaldet er tragisk, i den forstand at det handlar om barnesoldatar og kidnapping. I dag las eg eit innlegg på VG.no, av Morten Bøås der han syns at det er trist at Joseph Kony dokumentaren har fått oppmerksamheit. Her kom det fram opplysningar som at Kony ikkje befinn seg i Uganda, noko han heller ikkje har gjort i løpet av dei 6 siste åra i følgje Morten Bøås. Les heile artikkelen her. 

Her er videoen KONY 2012. So får du sjølv gje opp ein meining om kva du syns om saken.

- Line -

Nest siste innlegg.

Det har gått nokre dagar sidan eg har blogga, grunnane er at blogg appen på mobilen min ikkje funka lengre, og det er med mobilen eg tek bilete med, jobbar mykje og reknar matematikk (litt). Og eg veit det var ein av mine nyttårsforsett om å blogge meir og betre, men året er ikkje over enda ;-) Orka heller ikkje å legge alle bilete hundre gangar inn på dataen og ha dobbelt opp med bilete. Meen, i helga som var, var eg i Ålesund og besøkte mi kjære venninde Caroline. Vi møttast i syden for 1 1/2 år sidan og har haldt kontakten via sms og facebook. Vi har ikkje møttast i ettertid, før denne helga. Grunnen er veldig enkel, rett etter syden begynte eg på Skogn, deretter har eg berre JOBBA som berre det og ho opptatt med skule. Men endeleg fann vi tida, og ho inviterte meg opp til Ålesund og på maskeradeball. Det var den kjekkaste helga eg har hatt på leeenge, og godt var det å kome seg vekk, sjå ho igjen og møte nye menneske. Etter ei lita "tenkepause" har eg bestemt eg for at eg kjem til å legge bloggen vekk for ei stund, ikkje at det er noke krise, men eg gjer ikkje noko anna intressant enn at eg jobba kvar dag, ekstra i helgane og når eg då kjem heim frå jobb so er det matematikk. I ny og ne vil eg kanskje oppdatere, men det vil då seie at eg har bilete eg vil vise dåke. Kjem tilbake for fult til hausten, då ny plass og nye moglegheiter ventar meg. Noko eg gleda meg sånn til, nesten som at eg kunne ønske at eg kunne spole nokre månadar fram i tid. So dette blir det nest siste innlegget eg vil ha for ei stund. Her kjem bilete frå vorset/maskeradeballet (med John Olav Nilsen og gjengen) :























- Line -

Update.

På søndag blei eg endeleg ferdig med 72 t arbeidsveka mi. Etter eg har vore ferdig (sett vekk frå ein arbeidsdag i dag)  har eg berre slappa av og senka skuldrane. På torsdag var eg hos frisøren og fekk friska opp att etterveksten i håret. På laurdag var eg ute med nokre vennar, og "sei hade" til dei som skulle reise igjen etter å vert heime i vinterferien. No er det berre 2 dagar til eg reise til Ålesund, til Caroline og so skal vi på maskeradeball :-D Yes! Og om ikkje mange vekene skal eg til Bergen i bursdag og besøke Synne. Har rett og slett mykje kjekt å sjå fram til :-D På søndag begynte eg å sjå ein serie som heite "The secret circle", og no er eg heilt hekta :-) I går var eg med Julie og Tobias, såg maange episodar av "Tsc" og besøkte Cecilie, og prata om "gamle dagar". Sidan det er mobilen eg har brukt for å ta bilete og det ikkje går an å bruke den blogge appen, so har eg ikkje noken bilete å vise dåke.

- Line -

Jobbing til dei grader.

Grunnen til fråværet mitt frå bloggen er at eg er på jobb frå 08.00 om morgonen til 21.00 om kvelden ;-) Og då orka eg ikkje å blogge når eg kjem heim. Ein annan og viktigare grunn er at det ikkje er noko å oppdatere dåke om. For eg gjer det same frå eg står opp til eg legg meg og med jobben følgjer taushetsplikt. Men I måra skal eg til frisøren, stusse håret og få vekk etterveksten. Og om nøyaktig 1 veke skal eg til Ålesund og treffe Caroline og saman med ho skal eg på maskeradeball :-D Maske er skaffa, no må eg berre bestemme meg for kva kjole eg skal bruke :-)



- Line -

Fastelaven.

Bollane eg lagde smakte himmelsk (som alt anna eg laga og baka) :-) Bestefar, mamma, pappa og meg hadde ribbe til middag og fastelavensbollar etterpå. Eg har sett den nyaste episoden av Oth og litt Fringe. No skal eg prøve å rekne litt matematikk :-)

- Line -

Mobilblogg: nytt.

I går var eg å åt pizza hos Merete og so blei eg og ho og ein gjeng ut med ut som sjåførar. Holken var open, og ein del folk var det :-) No skal eg kose meg med "Fringe" (kjøpte meg sesong 1 i går i Førde, fekk viruset gjennom ei nettside som eg brukte for å laste opp serien) før det blir utbaking av fastelavensbollar :-D

Fekk nellykjolane mine i posten i går:

Den andre kjolen min er i dette stoffet/mønsteret:

"Fringe":

- Line -

Mobilblogg: Førdetur.

No reise eg straks til Førde, må få gjort unna nokre ærend som eg må ha fått gjort innan to veke, og i dag er den einaste dagen eg får tida til det :-) Neste veke er det jobb kvar dag, frå morgon til kveld, frå man-søn. Men det er ikkje berre ærend eg skal gjere i dag, skal og besøke Liselotte og Ynwa :-D Det blir ein kjempefin dag! Snakkast!

- Line -

Mobilblogg: ny dag, nye moglegheiter.

Til no har eg eg vore 3 t som vikar på skulen, gått igjennom nokre reglar i matematikk og om ikkje mange timane er det avgårde på ny jobb :-) I går var ein veldig bra dag, studielån er vekke, dataen min blei fiksa (bilete og dokument, alt kom tilbake, nesten) etter at Dag Ove hjalp meg. Tusen takk :-D

- Line -

Mobilblogg: fråvær.

Beklagar for mitt fråvær her innpå. Men det skuldast at eg har våre opptatt i heile helga og laaang dag med jobb i går trening. I tillegg for hundrede gang klikka dataen min, og alt forsvann. Bilete, dokument, alt... EG LÆRE Aldri!! Den dataen har ikkje vore noke anna enn problem med sidan eg kjøpte den for snart 2 år sidan... :-/ ute er veiret berre grått og trist..

- Line -

Mobilblogg: fredagskveld.

I dag har eg vore på jobb, sett nyaste episode av "Vampire diaries", slappa av og skal snart ha biff til kvelds :-D Etterpå er planen å gjere litt matematikk og ta resten av kvelden fri og sjå "The Voice" :-)

- Line -

Les mer i arkivet » Mars 2012 » Februar 2012 » Januar 2012
hits